Det var i november at kommunen melde frå til kyrkjekontoret om at ein hadde registrert avisartiklar og flygeblad frå Ørsta sokneråd vedkomande kyrkjekontoret si innflytting og bruk av andre etasje i Vikegata 5.

– Frå artiklar og flygeblad kan ein få inntrykk av at lokala vert nytta som forsamlingslokale, skreiv einingsleiar Kåre Hjelle til kyrkjekontoret då.

Tilsyn

Han kunne ikkje registrere at det var gjeve løyve til slikt bruk, og gjorde kyrkjekontoret merksam på at endring frå kontorlokale til forsamlingslokale er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Kommunen vurderer no å opne tilsyn i saka, og bad om svar innan 21. desember.

Det svaret har no kome, og her forklarar Sætre korleis kyrkja oppfattar saka.

– I samband med at Ørsta kyrkjelege fellesråd gjorde avtale om kjøp, fekk ein også eit nytt rom i andre høgda på bygningen. Dette rommet var tenkt nytta til undervisning og møterom. I samråd med mellom anna dykk i eigedomsavdelinga hos Ørsta kommune, tinga fellesrådet ei sakkunnig vurdering av bruken av rommet opp mot bruksløyve. I rapporten var konklusjonen at det ikkje var naudsynet, med bruksendring når rommet var nytta til undervisning og møterom, men likevel nokre bygningsmessige tiltak for å ta vare på branntryggleiken, seier Sætre i svaret til kommunen.

Flott rom

Han poengterer at kyrkje her har fått eit flott rom som ein ser kan nyttast til konfirmantundervisning.

– Ørsta kyrkjelege fellesråd har tinga ein revidert rapport der ein tek høgde for at dette rommet også skal kunne nyttast til ope møte, kyrkjekaffi og utleige til konfirmasjonar og andre selskap. Dersom denne rapporten konkluderer med at ein må søkje om bruksendring, vil dette verte følgt opp med det fyrste.