153 turgjengarar i alle aldrar  trassa styggeveret, og vart med på julemarsjentil Hovdebygda IL 2. juledag.

Det var ufyseleg ver i morgontimane, med regnvêr og mykjevind. Det gjorde nok at det var hundre færre som var med på julemarsjen i årenn i fjor.

Kjem seg ut

- Vi er alltid nøgde med at folk kjem seg ut, og vert med osspå julemarsjen. Vi skulle sjølvsagt ynskt at endå fleire var med, men det eruansett kjekt at folk kjem seg ut, seier Tove Brautaset Yksnøy i Hovdebygda IL.

Ho var med å ta i mot påmeldingar, og dei første kom allereiekvarteret før annonsert tid. For mange er nemleg julemarsjen eit av høgdepunktai jule, og dei vert med år etter år.

Det er snart tretti julemarsjar som har vorte haldne i Hovdebygda,og folk er med, mest  uansett ver. Dethar vorte halde julemarsjar i snøvêr, kulde og som i år med mildvêr. Utruleg nokstoppa dei verste regnbyene omtrent samstundes med at dei fyrste la ut på sirunde. Det gjorde at det faktisk at det var eit ganske bra ver å gå tur i.

- Må kle seg

- Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege kle. Det gjeld åkle seg. Det er godt å kome seg ut og av garde im løypa, sa Johnny Riise ute iløypa. Han var med i eit stort følgje, for det var heile storfamilien som var ute på tur.

Og noko Tove Brautaset Yksnøy registrerte, var følgjande.

- Alle såg glade ut. Det var berre blide folk. For oss somarrangerer er det hyggjeleg at folk er så positive, seier Brautaset Yksnøy.

Medalje og gløgg

Deltakarane kunne velje mellom å gå den lange løypa rundtHovdevatnet og til Ekset før returen til Hovdebygda, eller dei kunne gåIndrehovdevegen til Åsen, og rundt flyplassen og tilbake til Hovden skule.

Der venta medalje for dei som ynskte det, og sjølvsagt godog varm gløgg.