Om det var ryktet om god rømmegraut som lokka, er uvisst. Den årvisse samlinga til Ørsta bygdemuseumslag drog i alle fall fullt tun på Brudavollen måndag ettermiddag.

I tjuefem år har det vore tradisjon å arrangere olsokfeiring med gudsteneste på bygdetunet. I idylliske omgjevnader fekk folk ete rømmegraut før sokneprest Matias Austrheim heldt gudsteneste i det fri.

Tema for gudstenesta var Heilage Olav og kristninga av Noreg, men og korleis kristendomen gav sitt preg på folk før i tida. Austrheim trakk fram Brudavolltunet som eit døme på samspelet mellom nøysemd, hardt arbeid og trua på Gud.

– Dette tunet representerer litt av røtene våre. Her har menneske slite og arbeidd. Elska og feira. Bygd hus og heim, med gudsfrykt og nøysemd som åndeleg og kulturell bagasje. I vår tid held vi på å gløyme både gudsfrykta og nøysemda. Men som folket på Brudavollen og i generasjonar før oss lærte menneska å leve nøkternt i samspel med naturen. Dei gløymde ikkje at det står mektige og store krefter bak livet og eksistensen vår. Å leve var ikkje berre ei teknisk eller praktisk røynsle, men ei metafysisk og åndeleg røynsle, sa Austrheim.

– I vårt overflodssamfunn vert vi fort lurt til å tru at pengane kjem ut av veggen berre vi tastar ei kode. Men vi gløymer Han, livet si kjelde, vår skapar og alt han gir oss, livet og ressursane. Difor skal olsokfeiringa hjelpe oss å finne vår åndelege forankring som folk og menneske. Dei som budde her på Brudavollen forankra sine liv i ein åndeleg, kristenhumanistisk arv, som hjelpte dei å tolke livet sitt og forstå kva det var å vere menneske. Enkle kår var det oftast, men menneskja var ikkje åndsfattige, sa Austrheim, og peika til at det var fleire bøker og biblar å finne på garden.

Austrheim hadde fått med seg bandet Melle og Lødemel til å spele i tunet. Solist Knut Mo song også nokre songar, og imponerte med si usedvanleg gode plystring til melodiane. Tekstlesarar for dagen var Anders Roald og Torbjørg Langdal.

Knut Mo song og plystra, og Melle og Lødemel spelte.