Truls Svendsen og Plan B Management, somlagar underhaldningsprogram for TV2 var i Herøy Amfi, ved Herøy Kystmuseum ifjor vår. Etter ein flott dag med vårsol, folkeliv og filmopptak er no serienklar til å visast på TV. Onsdag 26.06 er det premiere for Truls «OppdragHurtigruten» og du kan sjå Svendsen som Kong Olav Haraldsson, allereie i fyrsteprogram.

I programmet reiser Truls Svendsen medhurtigruta nordover langs kysten. Han er sendt ut på ei danningsreise full avutfordringar og oppgåver han må ta på strak arm. I Herøy må han på kort varselsteppe inn som Olav den Heilage i Herøyspelet «Kongens Ring». Det er duka forgod underhaldning når nordnorsk vidd og humor smeltar saman med 1000 år gammalhøgtid, ære og makt.

– Dette vert veldig spanande og kjekt å sjå. Vi er forventningsfulle og sjølvsagtlitt spente på korleis sluttresultatet vart. Morosamt vert det i alle fall,seier dagleg leiar i Herøyspelet John Andre Nærø, og oppmodar alle som kan om åfå med seg premiera på TV2 denne kvelden.