Vatn, avlaup og straum er allereie fråkopla i bygget som tidvis vert nytta til mellomlagring av verkty og anna utstyr.

Reklameskilt

Dette kjem fram i eit svar Lannerholm og Myklebust har sendt kommunen i samband med ei sak som gjeld reklameskilt på bygget.

Kommunen har bedt eigarane gjere greie for oppsetjinga av skiltet, då det vert sterkt antyda at skiltet er sett opp utan kommunalt løyve.

Øvstegård

I brevet til kommunen går det fram at reklameskilta er sett opp av Øvstegård bygg og Utemiljø, som held til i andre etasje i nabobygget Vikegata 17. Selskapet er også medeigar i Vikegata 15.

– Med kontoradresse i andre etasje i Vikegata 17, er Øvstegård Bygg og Utemiljø lite synleg, og reklamen er difor delvis meint for å synleggjere selskapet, seier Lannerholm og Myklebust.

– Samstundes er dette bygget plassert i inngangen til Vikegata, og vil med ein normal tildekt fasade stå fram som eit lite innbydande førsteinntrykk for ei gate som allereie slit med liten aktivitet og butikkdød, held eigarane fram.

Tretti år

Dei fortel at det reklameskiltet som no er nytta for Øvstegård-selskapet har stått der i kring tretti år.

– Det er såleis ikkje noko nytt skilt, sjølv om teksten er endra.

Jan Peter Lannerholm og Petter Myklebust gjer det klart:

– Dersom kommunen held fast på at skilta er ulovleg plassert, og at dei ikkje er i samsvar med reguleringsplanen, så ønskjer vi tilbakemelding på om vi kan legalisere det gjennom ein søknad eller om det skal erstattast av gråpapir.