– Vi var svært samde om at kulturbudsjettet har teke så tøffe omstillingar siste åra, så vi skrapa litt her og litt der, og greidde å då det til, informerte rådmann Wenche Solheim i formannskapsmøte tysdag.

Eit minimum

Seksjon for kultur og næring har eit budsjett på 10,1 millionar kroner, noko rådmannen reknar for eit minimum. For 2014 låg dei inne med 9,7 millionar i framlegget til budsjett. Både Kaihuset og Frivilligsentralen hang i ein tynn tråd.

– I våre siste tal greidde vi å kome i mål, og skrapa saman 400.000 kroner slik at vi berga Kaihuset og Frivilligsentralen. Vi må ha litt kultur i Ørsta også, seier rådmannen.

Arrangering av Ungdommens kulturmønstring er inkludert i kostnadene.

Kommunen har 524 millionar kroner til fordeling på dei ulike seksjonane for 2014, men slit med å få endane til å møtest.

– Men vi skal få til mykje bra, sjølv om det vert eit tøft år.