I styremøtet i Helse Møre og Romsdal var det mykje alvor då dei gjekk gjennom den økonomiske situasjonen og status i utviklingsarbeidet. Sidan Helse Møre og Romsdal vart danna i 2011 har det vorte gjennomført mange tøffe og vanskelege omstillingar. Likevel krev situasjonen at det vert gjort fleire grep innan økonomi og struktur på kort og lang sikt.

Trykk mot dei minste

Etter forslag frå styret sin nestleiar, Petter Bjørdal, vart det vedteke at talfesting av ei såkalla normal omstilling skal ligge på bordet til neste styremøte 14. november.

– Spørsmålet om struktur kom også på bana, utdjupar han.

– Eg registrerte eit stort trykk blant fleire av styremedlemene om at strukturtiltaka må kome på dei minste sjukehusa, seier han.

Meir vil han ikkje utdjupe dette.

– Dette vil også truleg verte ei sak i det komande styremøtet, eller på neste møte i desember, seier han.

Styret vedtok også å leige inn eksterne konsulentar, etter forslag frå administrerande direktør Astrid Eidsvik, for å få eit nytt blikk på kva som bør gjerast med funksjonsfordelinga mellom sjukehusa. Det har ikkje lykkast Helse Møre og Romsdal finne ut av dette sjølv.

Budsjett i ubalanse

I ei pressemelding frå helseføretaket seier Eidsvik at Helse Møre og Romsdal har utfordringar med fagleg og kvalitativ berekraft og økonomisk berekraft framover.

Utfordringane er mellom anna knytt til å halde oppe god fagleg systemkvalitet i små sjukehus med aukande faglege og personellmessige krav, til dømes med aukande spesialisering og krav til arbeidsbelastning. Samstundes kan helseføretaket i løpet av dei næraste åra ha ei økonomisk utfordring på nærare 300 millionar kroner, dels for å skaffe pengar til det dei treng av nytt utstyr og nye bygg.

For 2014 ligg det an til å mangle 184 million kroner på at budsjettet går i balanse.

– No er vi i ein av dei mest kritiske periodane i føretaket si levetid, seier Eidsvik.

– Vi har særdeles krevjande utfordringar på korleis vi skal innrette oss fagleg for framtida, samstundes som vi må snu den økonomiske utviklinga, seier Eidsvik i pressemeldinga.