Med på laget hadde dei reiar og eigar av Olympic Shipping i Fosnavåg, Stig Remøy.

– Vi har hatt ein kraftig vekst i selskap og i folk og aktivitet siste åra. Vi treng ein sterk flyplass i området, seier han.

Prekære behov

Ordførar Rune Hovde fortel at målet med turen var å minne den nye regjeringa om utfordringane ved flyplassen i Hovden.

– Det er ny regjering og nytt apparat, og då må vi vise at vi eksisterer.

Volda-ordførar Arild Iversen fortel at dei la fram utfordringane for flyplassen.

– Det er eit prekært behov å få utvida terminalbygget og fasilitetane. Då flyplassen var bygd var det kring 30.000 passasjerar. No er det godt over 120.000 årleg.

Han minner om at den maritime næringa også har vekse seg stor på den tida flyplassen har eksistert, og at det er på tide å oppgradere standarden for å kunne romme alle som ønskjer å ha Hovden som sin lokale flyplass.

Nordfjordingar

Rune Hovde seier at passasjerane på Osloflyet onsdag ettermiddag tydeleg viser at fleire ser mot Hovden.

– Eg registrerte at også ordføraren i Eid og ordføraren i Vågsøy sat på flyet, så det er tydeleg at dei også ser dette som sin næraste flyplass.

Hovde seier at det var nyttig å ha selskap av Stig Remøy til Oslo, for å vise at Søre Sunnmøre er ein felles region. Dei fekk møte statssekretærar og embetsmenn i samferdselsdepartementet, og følte at dei vart høyrde.

Treng pengar

– Avinor er eigd av staten, og no har vi fått snakka med staten. Vi håper Hovden får rykkje fram i køen, for flyplassen her treng pengar, seier Hovde.

18. mars skal det vere eit nytt møte i Ulstein og Herøy der leiinga i Avinor skal få møte næringslivet. Turen går også til   Loen i Nordfjord.

– Vi ønskjer å vise heile spekteret av næringslivet i regionen, og at heile området stiller seg bak ønsket og kravet om ein betre rusta flyplass, kommenterer ordførarane.