Med 3D-briller på nasen fekk medlemmene i Fefast AS og lokalpressa fredag sjå den nye reklamefilmen. Filmen er utvikla av firmaet Fantastiske Osberget i Ulsteinvik og gir sjåarane eit inntrykk av korleis Fefast-sambandet vil knyte saman regionen på ein ny måte.

Filmen startar med ei visualisering av slaget i Hjørungavåg og går over til moderne trafikkløysingar i same område. Alt presentert i moderne 3D-grafikk.

På seks kinoar

Målet med reklamefilmen er å nå ut til publikum i regionen med bodskap om at Fefast er kortast, raskast og flatast. Reklamen skal synast før hovudfilmane startar på kinoane i Molde, Ålesund, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda.

– Vi ønskjer merksemd kring prosjektet, då Fefast har kome litt etter dei andre alternativa, seier næringssjef og skrivar i Fefast AS, Martin Foldal.

– Er ikkje i mot Hafast

Under lanseringa vart det også drøfta fleire moment kring Fefast-sambandet samanlikna med konkurrenten Hafast.

Foldal seier målet med reklamen ikkje er å gå i strupen på Hafast, men å framheve Fefast som eit alternativ.

– Fefast har ikkje noko i mot Hafast. Men vi synest ikkje finansieringa av Hafastsambandet skal finansierast ved flytting av stamvegtrasé, også fordi ein då må byggje eit nytt Eiksundsamband i tillegg til det som er der frå før. Næringslivet som skal transportere ting med trailer, må då gjennom to djupe undersjøiske tunnelar, sa han.

Slitasje i tunnel

Håvard Vartdal fortalde litt om sine synspunkt på djupe tunnelar samanlikna med bruløysingar.

– Statistikk syner at 90 % av uhella fysisk og teknisk på bilane våre skjer i Eiksundasmbandet. Dette er på grunn av stigninga, og er like ille i begge retningar. Å køyre gjennom slike tunnelar er ei stor belastning på både bilar, miljø og trafikktryggleik, sa han.