300 bilete og 1.600 namn er samla mellom to permar, for 14. gong.

– Vi kan vel kalle det ei gladmelding, for det er mange som har spurt meg om det kjem eit nytt Ørsta-album i år, seier kulturrådgjevar i Ørsta kommune, Jostein O. Mo.

God formidling

Og svaret er altså ja. Årets julegåve er sikra for mange. I midten av november kjem Ørsta-album nummer 14.

– Dette er ei bokserie som aldri vert ferdig. Eg får stadig nye bilete, og har også lagt til sides ein del som eg tenker skal med i seinare utgåver.

Dei siste åra har Ørsta-album fått ein viss konkurranse med nettforum som Facebook, der gamle bilete frå Ørsta vert delt og kommentert flittig.

– Men å samle bileta i ei bok er meir varig, og det er lettare å finne att bileta. Det er god formidling, seier Mo.

Tema

I år er det eit bilete av Svendsengarden som prydar framsida. Bileta i boka går heilt tilbake til 1890, og det nyaste biletet er frå september i år.

– Det er ikkje ei kronologisk historiebok, men sorterer seg meir etter tema. I år har vi med bilete frå Myklebustsetra. Det er nytt. Elles har vi nokre bilete i samband med at Ørsta kyrkje er 150 år i år. Og det vert ein del miljø- og landskapsbilete.

Mo lovar også ei dobbeltside med follestaddalingar som har vore med fotografen i si tid, og har også sett saman ei gruppe med bryllaupsbilete datert heilt tilbake til 1906.

– Det er mange kjentfolk med, også i år.

Dugnad

Jostein O. Mo seier at Ørsta-albuma er ein dugnad, som han er så heldig å vere prosjektleiar for. Folk tek stadig kontakt med han for å vise han bilete som kan vere aktuelle å ha med. Deretter samlar Mo inn namn og stader til bileta. Det er eit stort arbeid, og gjennom åra har rundt rekna 4.200 bilete gått i trykken. Men Mo held kontrollen.

– Eg har ei viss oversikt i hovudet over kva bilete som er brukt før, slik at dei ikkje vert trykt fleire gonger.

Motivasjonen for å drive på er gleda over det ferdige produktet.

– Å arkivere gamle bilete gir ikkje motivasjon. Men å dele bileta til folk gjennom desse bøkene gir meining.