Det går fram av det økonomiskeopplegget som fleirtalskoalisjonen samansett av Høgre, Venstre, KrF og Senterpartietfekk vedteke i kommunestyret torsdag.

Den nye fleirtalskoalisjonen lafram ein samla pakke då budsjettet for 2014 og økonomiplanen for 2014 – 2017 varthandsama. Av forslaget, som altså vart vedteke, går det fram at det skal hentastinn eigedomsskatt for 20 millionar kroner i 2014 og tilsvarande sum i 2015. Frå2016 skal eigedomsskatten vere avvikla.

Reduserer driftsnivået

- Det er føresetnaden, og det eravhengig av dette opplegget no vert følgt, kommenterte Per Are Sørheim overforMøre-Nytt etter at budsjetthandsaminga var over.

Eit av vilkåra for avviklinga aveigedomsskatten, er at driftsnivået i kommunen vert redusert også dei komandeåra. I vedtaket heiter det at drifta skal ned med to prosent komande år, ein ogein halv prosent i 2015 og ein prosent i 2016.

Ny koalisjon

- Vi vart spurt om å vere med påbudsjettforliket, men kunne ikkje akseptere denne reduksjonen i driftsnivået.Det handlar om endå fleire kutt i tenestenivået, sa Petter Bjørdal tilMøre-Nytt etter møtet.

I staden danna Ap saman med Frpein ny og uventa koalisjon. Av desse partia sitt framlegg går det fram ateigedomsskatten vert vidareført.

- Vi opplever no at Frp sit ibaksetet, medan sjåføren av eigedomsskattvogntoget er Petter Bjørdal og Ap, saPer Are Sørheim (H) under debatten.

Fleirbrukshall

I forslaget som vart vedteke gårdet også fram at det vert sett av til saman 40,5 millionar kroner tilfleirbrukshall i åra 2015 (500.000 kroner), 2016 ( 15 millionar) og 2017 (25millionar).