Statens vegvesen har i eit tidlegare brev bede om utbetaling av garanti. Kravet er på 5.257.811 kroner.

– Kravet vert avvist, og det vil ikkje verte gjort ei utbetaling på garantien, er den klare beskjeden frå Jan Bruun Jørgensen ved advokat Rikke Licht Bøtcher.

Gjekk konkurs

Hjartåbergtunnelen skulle etter planen opne 20. desember i fjor. Tunnelen var nesten ferdig, og berre det elektriske arbeidet stod att. Dette skulle danske KB Electrotech ta seg av, men selskapet gjekk konkurs, og arbeidet stoppa opp.

Statens vegvesen kom ikkje fram til ei løysing i saka, og sa opp alle kontraktar med firmaet, totalt sju i talet, fordelt over heile landet.

One Nordic Kraftmontasje AS tok over for å gjere ferdig arbeidet i Hjartåbergtunnelen, utført på rekningsarbeid basert på timeprisar. Etter planen skal det vere opning i løpet av mars i år.

– Udokumentert

I brevet til vegvesenet skriv advokaten at konkursbuet og garantistiller Jyske Bank ikkje er samde i estimert verdi av arbeidet som er gjort, og at dette er eit spørsmål dei må kome tilbake til.

Dei kallar også pengekravet frå Statens vegvesen for udokumentert.

– Feil og manglar oppgjort til 250.000 kroner er udokumentert. Ekstrakostnader oppgjort til 3.750.000 kroner vert også avvist, då også desse er udokumentert. Det same er tilfellet når det gjeld 850.000 kroner til eigne utgifter til sluttgjennomføring, står det i brevet.

Sa nei til løysing

Ho nemner også at når det gjeld kravet om ekstrakostnader, er buet og garantistillar av den oppfatning at Statens vegvesen ikkje har oppfylt si plikt til å avgrense tapet.

– Vi viser då til at konkursbuet har foreslått fleire alternativ for å ferdigstille tunnelen innanfor kontrakten sine opphavlege rammer, men at Statens vegvesen har avvist desse.

Faktura

Til slutt avsluttar Rikke Licht Bøtcher brevet med å seie at Statens vegvesen ikkje har betalt KB Electrotech AS ein faktura på 1.307.247,26 kroner.