Det viser tala frå Avinor for august. Dei syner at det var 8.762 passasjerar som reiste til og frå flyplassen i august.
Tala viser også at fleire mellomlanda på flyplassen. Det var 313 transistpassasjerar, og det gjev ein totaltrafikk på 9.075 passasjerar. Det er ein vekst på 1,9 prosent i totaltrafikken.
Det må også takast med at augusttala i 2010 var svært høge, og at tala for august 2011 også er blant dei høgaste månadstala flyplassen nokon gong har hatt.
Til og med august har det reist 65.100 til og frå Hovden. Det er ein vekst på 3,9 prosent. Det fortel om ein ganske stor reell trafikkvekst, då Hovden i fjor hadde ekstra passasjerar fordi Sandane lufthamn var stengt store delar av året.
Det store spørsmålet no er om Hovden vil nå den magiske grensa på 100.000 passasjerar årleg. I så fall må det på årets siste fire månader reise 8.725 passasjerar i gjennomsnitt per månad. Det vil altså seie at augusttala for i år var høgare enn dette gjennomsnittet.