– Vi må snu dei steinane som vi kan for å effektivisere drifta, og utan at det får konsekvensar for kvaliteten. Dette vil alltid vere oppdraget, men ikkje minst slik den økonomiske situasjonen i Ørsta er no.

Slik opna Oppvekst- og kultursjef Einar Muren si orientering om situasjonen i Ørsta-skulen til Levekårsutvalet. Han peika på at ein har eit systemproblem både på det nasjonale og lokale plan, men at ein kanskje kan gjere noko med det lokale. KS-undersøkingar gjev ei peikepinne på kor god skulen er, og Muren meiner at fleire av punkta er oppnådd.

– Vi har faglege utviklingstiltak, og vi følgjer opp skulane med utviklingssamtaler. Det siste har vi ikkje fått starta på i år, men vi skal prøve å rekkje alle i år, sa Muren.

– Bruke ressursar på ein betre måte

Punkta som ein ikkje har oppnådd, og som ein kan gjere noko med, er at kommunen har eit undervisningstimetal som ligg høgare enn snittet og analysering og oppfølging av skuledata.

– Vi har ikkje store ambisjonar om meir ressursar inn i skulen, men at vi skal bruke ressursane på ein betre måte, sa Muren.

– Viktig med fagleg skjønn

Oppvekst- og kultursjefen påpeika at ein har høg kompetanse i Ørsta-skulen. Likevel kan det ut ifrå tala som Muren la fram tysdag vere ein kommunikasjonssvikt mellom PP-tenesta og lærarkorpset når det kjem til spesialundervisning. Ein tendens som ein vil prøve å gjere noko med er det høge prosenttalet på elevar som får spesialundervisning.

– Rett til spesialundervisning er knytt til skjønn. Det er viktig at fagleg skjønn er på plass, og vi ser store svingingar mellom kommunane om praksisen på spesialundervisning. PPT-kontora i Ørsta og Volda tilrår i dag 125 elevar, eller 9,6 prosent, til spesialundervisning. Teoretisk sett om PPT-kontora i Herøy og Ulstein skulle tilrådd her, ville Herøy tilrådd 68 elevar (5,2 prosent) og Ulstein 73 elevar (5,6 prosent). Det er store forskjellar på skjønnsutøvinga, og det vert gjort ulike vurderingar ut frå paragrafane, sa Muren.

– Ressursar bundne opp

Gjennom den høge bruken av spesialundervisning vert også mykje ressursar bundne opp, og går ut over delingstimane som skulane har til rådvelde.

– Ressursbruken i Ørsta har også vore aukande, og nærare ti prosent av grunnskuleelvane får tilråding til spesialundervisning. Gjennom dei siste to åra ligg auken på elevar som vert tilrådd spesialundervisning på nærare femti prosent. At talet aukar er ikkje berre eit problem her, men og på nasjonalt plan. Det er eit problem rundt systemforståinga, og dette er med på å svekke det ordinære undervisningstilbodet, sa Muren.

– Minimalt gap

Leiar i Levekårsutvalet, Svein Castberg, stilte spørsmål om kor stor skilnaden er på tilrådde og innvilga søknader.

– Det er eit minimalt gap mellom det som vert innvilga og tilrådingar, sa Muren.

Det vert allereie jobba med å ta grep rundt innmeldinga til spesialundervisning, og Muren understrekar at 2–3 prosent vil alltid vere der og kan m.a. vere knytt til sjukdom.

– Desse kjem utvilsamt under paraplyen som gjeld spesialundervisning, men til neste år vert systemet forenkla. Vi kjem til å tildele skulane som har desse elevane separat, og då binder vi ikkje opp ressursbruken ved at skulen må melde inn dei andre sjølv. Vin må også verte flinkare til å setje ned foten for tilrådingar som ikkje held vatn, sa Muren.

Problem med å finne ny leiar

Eit anna problem har vore at PPT-tenesta   har hatt vanskar med å finne ein ny leiar. Ørsta kommune har leigd ut Anders Romestrand på heiltid fram til han går av med pensjon til sommaren.

– Vi har hatt eit styringsproblem, og slit framleis. Vi har ingen kvalifisert kandidat som ynskjer å ta på seg leiarvervet, og vi lurer på korleis vi skal ordne det. Det interkommunale samarbeidet hindrar oss i å styre så godt som ein kommune ville ha gjort det. Vi  gjer det beste ut av det, men i fjor vart det eit underskot på 1,4 mill. Noko av dette var venta, andre delar av det var uventa, sa Muren.

– Må bidra

Det vart stilt spørsmål frå levekårsutvalet om ein vil klare å få ned prosenten på elevar som får spesialundervisning.

– På oppmeldinga skal vi klare å bidra, sa Muren.

– Kor mykje?

– Det er umogleg å seie, og skulane må også bidra.

Muren peika også på at det må verte meir tillit mellom skulane, PP-tenesta og politikarane.

– Systemet er redde for at politikarane skal spare pengar og PPT trur at ein bergar ressursar ved å tilrå elevar til spesialundervisning. Ein må sjå totalen, og ein kan ikkje lage gull av gråstein. PPT og skulane må stole på at ein politisk ikkje går for langt i sparinga.

– Kommunikasjonsproblem

Oppvekst og kultursjefen meiner at det første og viktigaste steget overfor PPT-tenesta er å få på plass ein leiar. Inger Sandvik Sundnes stilte spørsmål om kvifor ein tilrår slik som ein gjer i dag.

– Ein trur at ein gjer ei velgjerning, og systemkompetansen kan vere sviktande også blant våre lærarar. Det har vore eit kommunikasjonsproblem, og det har eksistert i mange år, sa Muren.