I fjor deltok fem lag i den lokale bedriftsfotballserien, fire lag frå Volda og eitt frå Hovdebygda. Organisator Jan Sylte håper at enno fleire lag vil vere med i år, og at det også kan kome til lag frå Ørsta.

– Så langt ser det ut til at det er fire lag som er påmeldt, og så er nokon lag som vi ventar på. Det ser ut til at det vert akkurat som i fjor, men vi vil gjerne ha med fleire og nye lag i serien. Bedrifter kan slå seg saman om eit lag, venner kan danne lag og tidlegare har også grendelag vore med. Så potensialet burde vere bra for dei som ikkje er med på organisert fotball, og som vil ha det sosialt, kjekt og moro, seier Sylte.

Kampar i Hovdebygda

Det er ulike reglar som gjeld i bedriftsfotballen som i anna idrett, men er du framleis aktiv spelar må du vere passert 30 år for å kunne delta i bedriftsfotballen. Om du ikkje er aktiv kan du vere med frå du er 16 år gammal. Tidlegare har den lokale bedriftsfotballserien lagt ned forbod mot sklitaklingar for å minske sjansen for skader. I fjor var det Volda stadion som arena for bedriftsfotballserien, men i år skifter dei truleg beite.

– Vi prøver å rokere på dette, og i år ser det ut til å verte Hovdebygda stadion som vert arena. At kampane går her er kanskje ei gulrot for lag frå Ørsta som ynskjer å vere med, seier Sylte.

– Eit alternativ for dei som ynskjer mosjon

Bedriftsfotballen skal vere eit lågterskeltilbod, og det er eit spleiselag for dei som er med.

– Dette er eit alternativ for dei som ynskjer litt mosjon, og som vil drive med ein aktivitet. Kravet for å vere med her er nokolunde like drakter, skotøy og godt humør. Utgiftene går med til å betale leige av bana, og det er ikkje noko profitt for oss som står bak. Dette er eit spleiselag for dei som er med, og pengane det kostar å vere med på dette går til å dekke utgifter, seier Sylte.