Regjeringa har sendt på høyring ei reversering av domstolsreforma. Det vil seie at regjeringa vil tilbake til gammal modell, med Søre Sunnmøre tingrett, Sunnmøre tingrett, Romsdal tingrett og Nordmøre tingrett.

Regjeringa Solberg landa i si tid på at Møre og Romsdal skulle vere ein rettskrins, men halde på rettsstader der sorenskrivarkontora låg, det vil seie Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Leiinga i den nye rettskrinsen er i Ålesund.

– Det synlege resultatet av reforma er at ein har fått halde på dei lokale rettsstadene i Møre og Romsdal. Dette har positiv innverknad for ivaretaking av dei statlege kompetansearbeidsplassane i fylket, og har positive verknader for dei private næringsdrivande som til dømes advokatkontora, som jamleg gjer bruk av dei lokale rettane. Nærleik til retten vil og gjere det enklare å behalde og rekruttere til fleire andre kompetanseyrke i det private næringslivet i fylket, heiter det i tilrådinga frå Guttelvik.

Han konkluderer med at fordelane med den no etablerte strukturen er større enn kva ein vil kunne oppnå med ei tilbakeføring av domstolsstrukturen.