Begge dei nye leiarane brenn for skulepolitikk, betre kollektivtilbod for ungdom i bygd og by, og for eit betre tilbod innan psykisk helse for unge. Den nye leiaren og nestleiaren for ungdomspanelet har vore medlemmar av ungdomspanelet gjennom fleire periodar, og kjenner difor godt til arbeidet som ungdomspanelet gjer. – Vi er gira på oppgåvene, seier dei.

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei arbeider med saker mellom årlege Ungdommens fylkesting, og møtes minst seks gongar i året. Gjennom ungdomspanelet får ungdom i Møre og Romsdal reell medverknad på politikk og samfunnsutvikling i kommunar og fylket, dei kan påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommane sitt samfunnsengasjement, og vere med på opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdomspanelet representerer ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå, og har kontakt med ungdom i dei lokale ungdomsråda.

Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.

Vanlegvis vert prisen til Årets ungdomsråd tildelt på Ungdommens fylkesting, men dette året har det ikkje blitt levere inn nokon nominasjon.

Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. Medlemmane vert valt frå representantane på Ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet.

PRESSEMELDING