Det skriv Ørsta kommune i ei pressemelding.

– Ørsta kommune skal frå veke 10 til 25 og veke 33 til 44 teste ut ein ny måte å kommunisere med innbyggjarar i den eldre delen av befolkninga på.

Kommunane sin organisasjon, KS, og Posten samarbeidar for å undersøker behovet for å tilby tenester til dei eldre som klarer seg godt heime. Kommunene vil gjerne halde kontakten med desse innbyggjarane.

– Målet er ikkje å overta kommunens helse- og omsorgsoppgåver, men vere eit supplement og kanskje bidra til ein god tilvære heime lenger. Tanken er i første omgang å bruke Posten sitt allereie godt etablerte distribusjonsnett og tillit i Noreg til informasjonsoverlevering på dørterskelen til eldre innbyggjarar ein gong i veka.

Dei som tek imot tilbodet vil få personleg overlevering av brev og småpakkar. I tillegg får innbyggjarane eit informasjonsskriv frå kommunen om aktuelle tema og oversikt over aktivitetar som er særleg eigna for eldre.

– Erfaringane frå tidlegare utprøvingar viser at eit fysisk informasjonsskriv vert lese og at mange nyttar seg av dei lokale aktivitetane det blir informert om. Postbodet kan også ta med pakkar og brev som skal sendast. Ei større gruppe over 67 år får det kommunale informasjonsskrivet levert i postkassen ein gong i veka.

Ørsta kommune skriv at målet med servicetilbodet er å bidra til at fleire eldre innbyggjarar kan bu lenger heime, rekruttere til frivillig arbeid, redusere einsemd og digitalt utanforskap, i tillegg til auke lokalt engasjement og tilhøyrsle.