Det er Kulturdepartementet som deler ut prisen til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til:

– aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes) kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid

– eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes) kommunen og opplæringstilbod for tilsette

– tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet

– opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk

– tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule

– tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I tillegg vil juryen i år sjå positivt på (fylkes) kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova, skriv Språkrådet.

– I år ynskjer vi å premiere ein kommune eller fylkeskommune som har sett språklova ut i praksis. Det er viktig at dei tilsette i det offentlege kjenner til språklova og kva som er forventa av dei. Med den nye språklova får kommunane og fylkeskommunane rettar, og fylkeskommunane får nye plikter og såleis eit utvida språkansvar. For å oppfylle dette ansvaret må fylkeskommunane setje tydelege ambisjonar og mål for språkarbeidet og forankre dei i leiing og styringsdokument, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Kven som helst kan nominere kandidatar, og fristen for å nominere er 20. september.

(©NPK)