Ein tilhengar på eit vogntog har blåst over autovernet på Masdal på E39, melder politiet på Twitter.
– Trekkvogna står i vegbanen og blokkerer vegen i begge retningar. Ingen personskade. Politi og brannvesen på veg til staden, opplyser politiet klokka 6:13 onsdag.
Statens vegvesen melder: «Trafikkulykke, vegen er stengt.»
Sluttid for stenginga er oppgitt til klokka 08:10- det vil seie to timar etter at meldinga vart sendt ut, men det vert presisert at denne sluttida er usikker.
Klokka 08.12 vart det eine køyrefeltet forbi staden opna ifølgje Møre-Nytt sin journalist på staden. Og litt seinare vart vegen opna att.
Oppdatering frå politiet klokka 0700: «Politi og brannvesen på staden. Forsøk på å kople av tilhengar var mislukka. Berging ser ut til å ta noko tid. Trafikk mot Solavågen vert tilrådd å køyre om Hareid.»