Ørsta IL handball er ute i god tid, og inviterer Ørsta brann og redning til eit samarbeid.
Styreleiar Sven Castberg i ØIL Handball forklarar overfor Ørsta kommune at det er eit krav frå Noregs handballforbund at lokalt brannmynde skal vere orientert om arrangementet.
– Vi er i tett dialog med Ørsta kommune om gjennomføring, tryggleik og rømming, men er det ynskjeleg, stiller vi gjerne til eit møte om praktiske forhold, skriv Castberg i ei orientering til kommunen.
Han ber om ei stadfesting på at Ørsta handball er i dialog med kommunen om branntryggleiken. Ei slik stadfesting er også eit krav frå handballforbundet.
Noreg skal møte Montenegro i Ørstahallen den 6. april og i Volda Campus Sparebank1 Arena den 8. april.