– Brann og redning skal ikkje ha hovudansvaret for oppdrag som går på helse, psykiatri og trussel om sjølvdrap. Det er rolla til naudetaten for helse og politi.

Det seier Ingunn Reistad Jacobsen i Fagforbundet til NRK. Statistikk frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser at brannvesenet i større grad enn før er den første naudetaten på ein åstad.

Per i dag er ikkje handtering av oppdrag som involverer oppdrag innanfor psykiatri og trussel om sjølvmord ein obligatorisk del av brannpersonellutdanninga. Men Jacobsen seier dette no er i endring.

– Me har sjølvmordsproblematikken oppe som tema i årets Brannkonferanse, og det vil koma inn som eit emne i den nye utdanninga, seier Reistad Jacobsen.

Den nye utdanninga tek til i januar 2024 og vil mellom anna innehalda HMS, erfaringslære og førebygging.

(©NPK)