Sidan 1. mars 1898 har det vore postomdeling på Standal. Den 1. februar er det slutt. Då vert Store-Standal innhenta av utviklinga. Bygda skal få landpostbod.

– Det er klart at det er litt vemodig. Posten har høyrt til denne garden i 120 år, fortel Ingeborg.

Den fyrste postopnaren var Torbjørn Knutsson Standal. Han fekk ansvaret for posten då det vart opna brevhus på det som Posten då kalla Indre Standal i 1898. I 1901 fekk bygda status som postopneri, med namnet Standal i Sundmør, seinare Sunnmøre. I 1935 fekk postkontoret med namnet det har den dag i dag, Storestandal.

I generasjonar

Torbjørn Standal sat som postopnar livet ut. Han døydde i 1951, og sonen Bernt Elias Sigve Standal tok over. Han var poststyrar i 30 år, til svigerdottera Ingeborg tok over i 1981. Sidan har ho hatt ansvaret.

Ingeborg Standal i dei opphavlege postlokala i gamlehuset på garden. Her kom posten ut luka. Foto: Rune Sæbønes

– Postkontoret vart formelt lagt ned i 1997. Då fekk eg stilling som landpostbod på kontrakt. Men oppgåvene har vore dei same. Eg har teke i mot posten, sortert han, og delt han ut i postkassene her på garden. Eg har også teke i mot post, og fått han av garde, fortel Ingeborg.

Posten kjem med ferja frå Sæbø, og kjem til Store-Standal kl. 09.45. Då ventar Ingeborg på ferjekaia, og tek i mot frå matrosane om bord.

Børs

Ho køyrer opp til garden, og startar med sorteringa i eit kontor i kjellaren. Det er ti husstandar som skal få post.

– I tillegg har vi hytter som det også vert sendt post til, fortel Ingeborg.

Børs: Kjell Standal (t.v.), Ola Flo og Ottar Standal vil sakne den daglege børsen når posten kjem. Foto: Rune Sæbønes

Og etter nokre få minutt, er Ingeborg klar til å leggje posten i postkassene som er festa på eit av uthusa. Og der står Ottar Standal, Kjell Standal og Ola Flo klare. Dagleg har dei i årevis møttest ved postkassene for å hente post, og ha ein god børs.

– Det har vorte mange gode historier gjennom åra, og det er klart vi kjem til å sakne børsen, seier Ottar Standal.

Ingeborg Standal har meir ansvar enn å sortere og dele ut sjølve posten. Ho tek seg også av inn- og utbetalingar, deler ut pakkar og ordnar postoppkrav.

– Inn- og utbetalingar har det nok vorte mindre av dei siste åra. Men lenge var det til dømes slik at eg betalte ut trygda til folk, fortel Ingeborg.

Seinare levering

Frå 1. februar vert det ordinært landpostbod på Store-Standal. Fram til no har landpostbodet kome køyrande inn Hjørundfjordstranda, og har snudd ved Stavset, nokre få kilometer frå Store-Standal. No vert ruta lengd til også å gjelde Store-Standal.

Innbyggjarane vil få posten litt seinare på dag enn no. Mellom klokka 14.00 og 15.00 har Posten lova. Landpostbodet vil kunne dele ut pakkar, og ta seg av andre oppdrag. Men viss ikkje folk er heime, må dei til Ørsta for å få henta pakkar.

– Vi er spente på korleis tilbodet vert, om det vert ringare, fortel Ola Flo.

Sortering: Dagens post vert fordelt til dei ti husstandane på Store-Standal. Foto: Rune Sæbønes

Gjennom åra har dei opplevd både at tilbodet har vorte betre og ringare.

– Det var eit stort framsteg då posten kom med ei tidlegare ferje frå Sæbø. Vi har opplevd å få han på ettermiddagen også tidlegare, fortel Flo.

Sjøvegen

Posten har alltid kome sjøvegen. Til sommaren 1966 var det rutebåten som bringa posten, etter det ferja.

– No er eg mest spent på korleis dagane mine vert. Eg er jo vand med å vere oppe om morgonane, sjå når ferja kjem, og vere klar ved ferjekaia. Eg hadde håpa å få ha dette oppdraget eitt år til, då eg vert pensjonist. Likevel, eg har nok av oppgåver å gjere, fortel Ingeborg, som også har ei stilling ved Standal knuseverk. Og dit ho har teke med seg posten deira når ho er ferdig med oppgåvene ved «postkontoret».