Det har vore ei intens innspurtsveke før premieren på årets Herøyspel. Frå tidleg om morgon til seint på kveld, har dagane gått med til øving og kostymeprøving saman med resten av skodespelarane på Herøy Gard. Laurdag og søndag skal vikingmusikalen framførast fire gongar.

– Herøyspelet er ein viktig sommartradisjon der ute. Eg håper det vert fint vêr, og at vi kjem i mål med det vi ser føre oss. Det er eit nydeleg fint amfi, heilt ute ved havgapet. Det er kjekt når scena er utandørs. Det har eg ikkje prøvd før, seier Risholm Velle.

På heimebane

For tida er han heime i Ørsta, der han er fødd og oppvaksen. Som utdanna skodespelar, har Risholm Velle arbeidsplassen der rollene finst kring om i landet. Nyleg kunne vi sjå han på skjermen i serien «Heimebane», som vart spelt inn i Ulsteinvik. Før jul var han på kinolerret, då han spelte motstandsmannen Per Blindheim i filmen «Den 12. mann».

Han har også hatt ei rolle i NRK-produksjonen «Presten», i tillegg til fleire teaterframsyningar og TV-reklamar. No er det altså rolla som Kong Olav Haraldson som står for tur. Oppdraget fekk han for over eitt år sidan, etter å ha spurt regissør Gerhard Pettersen om det var nokon ledige roller i spelet.

Viking: Ørstingen Eirik passar godt inn i rolla som vikingkongen Olav i Herøyspelet.

Koordinering

Manuset er for lengst innøvd. No står det berre att å koordinere replikkane og handlinga med resten av rollebesetninga.

– Å hugse replikkane er faktisk noko av det minste arbeidet. Utfordringa er sjølve løypa og gangen i spelet, og kva tid dei ulike skodespelarane skal snakke. Det er ein stor dans som skal fungere. Vi er over hundre personar med, og då kan ikkje eg stå og halde att prosessen ved å ikkje kunne replikkane mine, seier Risholm Velle.

Utdanna skodespelar

Eirik har alltid likt å underhalde. Han har spelt piano sidan han var fem år, sunge og framført ting til folk. Etter eitt år i kongens garde, gjekk han to år på Bårdar Akademiet i Oslo. Der oppmoda dramalæraren han om å søkje seg vidare på skodespelarskule. Slik vart det, og etter tre år på Guildford School of Acting i England, var han ferdig utdanna.

– Det var tre år med meir eller mindre alvorleg leik. Samstundes lærer ein enormt mykje. Eg trur ein utviklar meir forståing for forskjellige typar menneske, for ein arbeider med kjensler heile tida. Då må ein tenkje over korleis ein vert oppfatta av folk, korleis dei reagerer på ulike situasjonar, og kva som gjer det, seier han.

Byggjer CV

Å vere nyutdanna skodespelar kan vere utfordrande. Ein må heile tida arbeide med å skaffe roller og promotere seg sjølv. Noko rutinemessig «ni til fire»-liv er det ikkje.

– Ein må vere på heile tida. I starten er det grusomt, for ein brukar så mykje tid og energi berre på å få med seg kva aktuelle roller som finst. Det er naivt å tru at ein berre kan sitte heime i stresslessen og vente på oppdrag. Å få gå på nokre få auditionar er ein enorm prosess, men det byrjar verte lettare no. Om ein vil verte skodespelar, må ein tole dei tøffe startåra. Med mindre ein har griseflaks, må ein byggje stein for stein. Sjølv har eg ikkje hatt dei største rollene enno, men det var kjekt å få debutere i ein skikkeleg TV-serie og kinofilm. Ein vert då kjent med mange folk, noko som er viktig i denne bransjen, seier Risholm Velle.

Må tole avslag

Han understrekar at det er eit yrke som krev motivasjon for å halde fram. I alle fall i byrjinga.

– Om folk seier «eg lurer på å verte skodespelar», er det kanskje ikkje det rette valet. Men om det er det einaste ein vil verte, og "får knøda" av tanken på å gjere noko anna, bør ein satse. Så gjeld det å ikkje romantisere det å vere på TV. Det er gnallande hardt. Ein må tole få tjue eller femti avslag på jobbar, og ikkje miste trua. Ein må heile tida tenkje at ein får noko seinare, seier skodespelaren.

– Rollene må ha ei meining

– Kva er draumerolla?

– Eg meiner det handlar meir om ein draumetilstand enn ei rolle. At eg får arbeide med masse bra folk og gode produksjonar. Det treng ikkje vere NRK eller kinofilm, men det må gje meining. Å fortelje noko trist, morosamt eller viktig som har ein funksjon. Om ein til dømes speler fugleskremselet i Trollmannen frå Oz på Riksteateret, har ein eit varmt bodskap om at ein saknar heimplassen sin. «Heimebane» handla om lokal tilhøyrsle. Og «Den 12. Mann» handla om krigen. Så lenge eg får gå frå produksjon til produksjon der eg har fått jobbe som skodespelar, som eg er utdanna som, er det draumetilstanden.

Går i eitt

Under sommarjobben i Herøyspelet, startar arbeidsdagen klokka 09, då Risholm Velle køyrer til Herøy. Klokka 22 er han heime att i Ørsta etter ein dag med øving. Det er slik skodespelarlivet som han likar er.

– Ein kan ha rolege periodar med mykje fri, medan det andre tider er ei «sju hundre prosent» stilling. På filmsett kan ein gå i sminka klokka 06 om morgonen, og verte køyrt i drosje heim klokka 01 om natta.

Spelet "Kongens Ring" har gått kvart år sidan 1992, og varer i kring halvanna time.

Frå øvinga i Herøy onsdag. Foto: Torill Myren