– 2017 blei eit vendepunkt for oss fordi alle dei største prosjekta våre no kan realiserast. Stortinget og Vinje kommune gjorde vedtak som inneber at Vinje-senteret blir bygt, vi skaffa oss ei viktig samling av litteraturhistorisk materiale, og vi blei 20 fast tilsette. Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon i vekst seier direktør Ottar Grepstad ved  Nynorsk Kultursentrum.

Talet på unike brukarar av digitale tenester frå Nynorsk kultursentrum auka med 39 prosent til 496 100, og institusjonen passerte 20 000 følgjarar i sosiale medium. – Allkunne runda 25 000 publiserte artiklar, og både på dei åtte nettstadene våre og i sosiale medium gav vi nynorskbrukarane mykje meir digitalt innhald på sitt eige språk, seier redaktør Per Magnus F. Sandsmark i Allkunne i ei pressemelding.

Besøket ved arrangement og utstillingar var derimot middels. Talet på gjester fall med 33 prosent frå rekordåret 2016 til 27 100 i 2017. Av dette stod Aasen-tunet for 20 000 og Hauge-senteret for nær 7000.

Barn og unge ein spesialitet

Barn og unge er vår spesialitet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Kvart år utgjer barn og unge mellom 30 og 40 prosent av gjestene. Slik var det også i 2017.

Mykje nytt stoff for denne målgruppa blei publisert på nettstadene, den årlege utstillinga av barnekunst samla bidrag frå fleire hundre barn i fem kommunar, Fleire forfattarar skreiv nye barnesongar for Aasen-tunet, som samarbeidde med Norsk Folkemuseum om ei aktiviserande krimgåte under Dei nynorske festspela.

I 2017 hadde Nynorsk kultursentrum arrangement eller utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke og har med det vore til stades i heile 175 kommunar over heile landet. – Er det noko som fortener eit utropsteikn, er det dette, seier direktør Ottar Grepstad. – Med ein slik aktivitet, avdelingar i tre fylke og samlingar frå heile landet er Nynorsk kultursentrum ein reelt nasjonal kulturinstitusjon.