– Nordmenn er ikkje flinke til å tenke norsk når dei handlar. Om det ikkje skjer ei omstilling er det slutt på norsk møbelindustri om få år.
<strong>Omstilling:</strong> – Eit negativt lada ord, seier salssjef i Fora Form, Frode Sporsheim. – Omstilling vert gjerne knytt saman med avvikling og nedbemanning. For meg handlar det om effektivisering og å tenke norsk. Vi må omstille oss til å tenke norsk når vi handlar, så skal vi sjå det vil gå betre med norsk industri.