Tre bilførarar fekk gebyr av politiet etter ein trafikkontroll på Krøvelseidet i Volda laurdag føremiddag. Årsaka var at dei ikkje hadde med seg førarkort.

Ein bil vart avskilta i kontrollen fordi bilen mangla omregistrering.

Tolv bilar vart kontrollerte, melder politiet.