Dagleg leiar Petter Bjørdal i VØR kjem med ei vennleg påminning til alle som har tenkt å køyre avfall til VØR.

– Vi er takknemlege overfor alle som køyrer avfall til VØR, men vi ser ein auke i avfall frå usikra hengarar som ligg langs vegane. Folk må verte flinkare til å sikre lasta si. Det er ikkje noko kjekt å ha m.a. isopor og papir liggjande langs vegane. No er det snart 17. mai, og mange stader har det vorte rydda langs vegane, og dei må kanskje no ta ein runde til, seier Bjørdal.