Dermed vert anlegget lagt ned. Det er sikre kjelder i Epax-systemet som har informert Møre-Nytt om den dramatiske utviklinga i Ørsta for selskapet.
Selskapet driv forsking og utviklingsarbeid innan fiskeolje og fiskekonsentrat. I tillegg vert der drive småskalaproduksjon i lokala ved sjøen ved Rystelandet.
Selskapet heitte tidlegare Natural Nutrition Development AS, men heiter no altså Epax Hovdebygda.
Verdsleiande
Det er Epax AS som eig Epax Hovdebygda. Dei er ein av verdas leiande produsentar av konsentrerte omega-3-produkt, og sel desse i bulk til kapselprodusentar og marknadsføringsselskap verda over. Bedrifta har gjennom ei årrekkje fokusert på å utvikle og produsere omega-3-produkt.
Epax-gruppa har hovudkontor i Oslo. Selskapet har også gjennom Epax Norway AS ein fabrikk i Ålesund som produserer kosttilskot.
Natural
Tidlegare var det Natural ASA, bioteknologiselskap med eigenutvikla løysningar basert på feittstoff sine helsefremjande eigenskapar som ingrediens i mat og drikke, kosttilskot og dyrefôr som vart drive i Epax sine lokale på Rystelandet.
Selskapet vart etablert av Jan Remmereit i 1988. Natural stod bak produkt som Tonalin, med høgt innhald av Omega3. Selskapet hadde laboratorium og pilotanlegg i Ørsta.
Hausten 2006 vart selskapet kjøpt opp av Aker, som fusjonerte det med dotterselskap Aker Biomarine ASA i Oslo sommaren 2007.
Møre-Nytt prøvde fredag å kome i kontakt med leiinga av selskapet for å få vite årsaka til nedlegginga i Ørsta, utan å lykkast.