Klokka 16.24 fekk Hovudredningssentralen melding om at ein konkurranse-råbot var sakna i Hjørundfjorden.

Tre robåtar av denne typen var på tur saman, men følgjet kom frå kvarandre. Då vart den eine båten meldt sakna.

Klokka 17.16 vart dei fire roarane og styrmannen funne i sjøen mellom Trandal og Molaupen etter at båten dei var i  hadde kantra. Dei fem personane var nedkjølte, og vart tekne med til Trandal før dei vart frakta vidare.

Hovudredningssentralen melde like før klokka 18.00 at søket er avslutta.

Det vart organisert ein større bergingsaksjon. Det vart kalla ut eit Sea King redningshelikopter og ambulansehelikopter. Redningsselskapet sin båt vart kalla ut, og det same vart MS Hjørundfjord. MS Hjørundfjord hadde med seg personell frå brannvernet på Sæbø.

Det var bygdetunet Christian Gaard sin båt Baltasar som berga havaristane. Kjelder på Trandal fortel til Møre-Nytt at ein av dei som hamna i vatnet var svært utmatta.

Den eine av dei som hamna i sjøen vart raskt sendt til Ålesund sjukehus med luftambulanse. Tilstanden hans skal vere alvorleg, men ikkje livstrugande. Dei fire andre vart også etter kvart sendt til sjukehus med lettare skadar, opplyser Ålesund sjukehus.

Også ferja "Storfjord" vart kalla ut, og braut av ruta mellom Festøya og Solavågen. Men ferja returnerte då redningsskøyta kom i stor fart til bergingsaksjonen.

Fredag ettermiddag var det svært uroleg på Hjørundfjorden. Det var tidvis høge bølgjer og kraftig vind. Ein kunne dessutan sjå at virvelvindar gjekk over fjorden.

Dei tre robåtane var på veg til Øye, der mannskapet skulle vere heile helga. På veg innover fjorden vart følgjet overraska av høg sjø. Den bakarste båten byrja å ta inn vatn, og mannskapet såg ingen annan utveg enn å hoppe i sjøen. Dei i dei andre båtane fekk varsla på naudtelefon då dei miste kontakten, og bergingsaksjonen vart sett i verk.