Mange fekk forvarselet torsdag kveld. Då hagla det fleire stader i regionen. Då folk vakna fredag 1. juni, og såg ut vindauget, var det nysnø i fjella det som møtte ein.

Etter nokre fantastiske sommardagar har kulden slått tilbake. Det har vore temperaturar ned mot null grader.

Nedbøren i fjella har kome som snø, og det har snøa ned mot 400 moh. I Ørsta var til dømes fjellsida opp mot Vallahornet kvit fredag morgon.

Det er ikkje rapportert om snø som har lagt seg på vegane i låglandet.

Vermeldigane tilseier at det framleis kan verte nokre kalde netter framover. På dag tid er det meldt opp mot ti grader både fredag og laurdag, men natt til laurdag er det meldt null grader ved Ørsta - Volda lufthamn, Hovden.

Viss nokon har bilete av "vinteren", kan ein sende bilete til avis@morenytt.no.