Latteren sit laust når Kjell Rune Klubbenes snakkar om sitt forhold til musikk. Han var berre fem år då musikkoppdraginga starta på Klubbeneset. Bestemora byrja å lære han nokre enkle klassiske musikkstykke.

– Det trigga eitkvart i meg, allereie då.

To av naboane på Klubbeneset, som var litt eldre enn den unge gitaristen, hadde kjøpt seg singlar med Beatles, Cliff Richard og Rolling Stones.

– Det var ofte at eg var innom dei på besøk for å høyre på musikk. I tillegg til platane var det radioprogram med Harald Are Lund som spelte pop og rock allereie då.

Musikkinteressa var stor og musikken sementerte sin plass i livet då han med store auge fekk sjå og høyre Jimi Hendrix på fjernsynet for første gang. Dei klassiske musikkstykka vart bytta ut med blues, rock og pop på eige reportoar.

– I den tida lærte eg med å etterlikne frå radio, platespelarar og spoleband. Du måtte ta opp og høyre for det fanst ikkje notar eller tabulatorar til denne typen musikk, og internett eksisterte ikkje. Du måtte finne ut av det sjølv.

Sjølvlært

Klubbenes er sjølvlært på gitaren. Dei første gitartonane vart spelt på ein kassagitar som framleis heng i heimen. På basarar og juletrefestar var han eit fast innslag til glede for mange. Interessa for musikken vart ikkje mindre då han kom i ungdomsåra. På sløyden på skulen på Vartdal bygde han sin eigen elektriske gitar. Det første bandet han var med i hadde sitt utspring frå skulen. Då han byrja å arbeide i Ørsta vart det første bandet han var med i Salisbury. Deretter spelte han med Novus i ein periode.

– I 1980 vart Sunnmøre Baarelag starta opp og det har vart ut i evigheita, seier Klubbenes med eit smil.

Han var gitarist i Novus i nokre år til, og han var og med i 4-5 år i Bokkereidars.

– Baarelaget har vore det som eg har hatt det mest moro med. Bokkereidars var og eit kjempeband å vere med i, men i den tida eg var med spelte vi mest coversongar. Då valde eg å prioritere Baarelaget, og det er noko eige å spele det du har vore med på å lage sjølv. Det er noko anna å spele Blide Mannj i staden for Mustang Sally, og det er ikkje tvil om kva som ligg mitt hjarte nærast.

59-åringen kan sjå tilbake på eit rikt musikkliv. Med Baarelaget har det blitt utgitt fire fullengdes album, ei samleplate og nokre singlar. Debutplata Kjekke kara hadde Åge Aleksandersen som produsent, og Slike daga var ein suksess på radioen. Dette førte til mykje speling for bandet, og på eit tidspunkt var dei det mest spelte norske bandet på radio.

– Mange har eit nært forhold til Baarleaget sin musikk, og fleire av songane har levd sine eigne liv.

– Viktig å ha ein stad å vise seg fram

Som ein erfaren musikarar gleder det Klubbenes å sjå at Battle of the Bands er tilbake i Ørsta, og at deltakinga var god.

– Eg er ikkje så oppdatert på musikkmiljøet som eg var, men det var svært positivt. Eg vonar at dette er eit arrangement som kan haldast med jamne mellomrom. For dei unge er det å ha noko å øve til gull verdt. Skal spelinga berre skje i øvingsrommet kan interessa fort dø hen. Det er og viktig med nokre førebilete. Både Vassendgutane, Rotlaus og Side Brok har etablert seg og vist at det går an. Musikk i sentrum gjev og dei unge ei scene å prøve seg på, og det er svært viktig.

Saman med Kyrre Grimstad, Frode Sundnes, Toto Nilsen og Arne Moe utgjer Klubbenes Baarelaget i dag. Bandet har ingen planar om å gje seg.

– Men vi skal slutte før det vert patetisk. Det skal ikkje bli slik at folk seier at «no burde dei ha gitt seg». Når vi får legge det opp på vår måte så er vi ikkje noko dårlegare enn kva vi var i glansdagane. Alle spelar i andre samanhengar og dette dreg vi med oss inn Baarelaget. Vi har eit laust konsept og det blir ikkje niøving. Vi kan melodiane, men musikken kan framleis utvikle seg på scena. Det gjere det kreativt og artig. Vi er betre i lag enn kva dei enkelte medverkande skulle tilseie, og vi saman klarer vi å skape noko meir som fengjer folk.

– Er gleda framleis like stor når du tek fram gitaren i dag?

– Gleda er like stor og det ligg i blodet mitt. Eg er ikkje så mykje ute og spelar lenger. Eg er heller ikkje den flinkaste til å øve, men det går sjeldan mange dagane før eg må prøve ut noko på gitaren. Det er eit instrument som eg aldri vert ferdig, og som også krev at du brukar det jamt.