Det skriv sorenskrivar Elisabeth Wiik i årsrapporten for Søre Sunnmøre tingrett i Volda.

Ho skriv at 2017 har vore prega av at Domstoladministrasjonen ved årsskiftet 2016/2017 påla tingretten å halde ei dommarfullmektigstilling ledig. Dette for å bidra til pålagt innsparing. Sparebeløpet var 147.000 kroner. Dette var innspart i løpet av mars 2017, men dei fekk likevel ikkje tilsette dommarfullmektig før 1. september. På grunn av kort varsel frå Domstoladministrasjonen, fekk dei ikkje på plass dette før frå 1. oktober.

– I store delar av 2017 hadde vi såleis berre to dommarressursar ved tingretten. Dette har sjølvsagt prega saksavviklingstida ved domstolen. På grunn av nedgang i talet å saker, har vi likevel vore innanfor måltala for saksavviklingstid for tvistesaker og einedommarsaker. Vi hadde i snitt 97 dagar saksavviklingstid i meddommarsaker. Målet er 90 dagar for denne typen saker, skriv Wiik.

Uavklart om lokale

Wiik fortel at dei også har brukt mykje tid på diskusjonar med Domstoladministrasjonen om kvar tingretten skal halde til i framtida.

– Domstoladministrasjonen har hittil ikkje vore villige til å inngå langsiktig leigeavtale med Statsbygg for huset vi held til i, slik at dette kan verte pussa opp. I staden vurderer dei å flytte tingretten til Sjukehusvegen. Dette bygget står i fare for å verte øydelagt eller rive på grunn av Voldatunnelen. Kvar vi skal halde til i framtida er per i dag ikkje avklart, fortel sorenskrivaren.

Dei har fått presentert to ulike alternativ for utforming av bygningen i Sjukehusvegen som dei har gitt sine kommentarar til, og ventar no på vidare tilbakemelding frå Domstol- administrasjonen.

Tvistesaker

I 2017 fekk tingretten i Volda inn 58 nye tvistesaker. Av desse galdt åtte prosent overprøving av tvangsvedtak, og 20 prosent var barnelovsaker.

Meddommarsaker

I 2017 fekk tingretten inn 55 nye meddommarsaker. Dette er heile 27 prosent færre enn i 2016.

– Vi ser likevel at dei sakene vi har fått inn har vore større og meir alvorleg enn dei vi fekk inn i 2016.

I 2017 hadde tingretten ni saker med strafferamme over seks år, mot fem året før.

– I 2017 var vi i retten i totalt 642,5 timar i meddommarsaker, mot 590 i 2016.

Einedommarsaker

Tingretten har hatt ein auke i einedommarsaker. I 2017 fekk dei inn 209 slike saker, mot 176 året før. Talet på tilståingssaker, førarkortbeslag og besøksforbod har vore om lag likt i 2016 og 2017, men talet på oppnemningar av støtteadvokatar og forsvarar knytt til avhøyr av born ved barnehuset, har gått opp.

Skjønn

Søre Sunnmøre tingrett fekk inn sju skjønssaker i 2017. Dette var i hovudsak oreigningsskjønn og avtaleskjønn. Det tilsvarande talet for 2016 på denne type skjønn var fem.

Konkursar

Det kom inn 66 konkurssaker til tingretten i 2017, mot 50 i 2016, sju gjeldsordningssaker mot ti i 2016 og 157 tvangssaker, mot 150 i 2016.

Vigslar

I 2017 vart 41 par vigsla ved Søre Sunnmøre tingrett. Dette er ein liten oppgang frå 2016, då talet var 37. 2017 var også det siste året med vigslar i tingretten. Kommunane skal no ta over denne oppgåva. Tingretten har halde møte med kommunane i rettskrinsen, i tillegg til Ulstein kommune, for utveksling av erfaringar og rutinar.