Det seier senterleiar for Amfi Ørsta, Peder Lid.

Søre Sunnmøres største kjøpesenter omsette for 386 millionar kroner i 2017. Det er ein million mindre enn i 2016, men ni millionar meir enn i 2015. Pilene har stadig peika oppover, og nye rekordar har vorte sett, mest kvart år. Men 2017 vart altså ikkje så bra som venta, med ein liten tilbakegang på 0,08 prosent.

– Men forklaringa er nok at vi hadde eit stort butikklokale som stod tomt i nesten to månader, etter at Coop Extra flytta ut – og før Europris flytta inn, fortel Lid.

Dette har også påverka besøkstala, trur han, sjølv om kjøpeglade sunnmøringar og nordfjordingar er svært trufaste mot senteret. Det er lenge sidan dei feira kunde nummer ein million med brask og bram, etter besøksrekord i 2013. I 2017 klarte dei ikkje å bikke millionen, og fekk til slutt eit besøkstal på 975.000 kundar. På ei god veke er 20.000 innom dørene til senteret, som har 35 butikkar kundane kan boltre seg i.

– Hadde vi hatt ei veke til på oss ville vi ha passert millionen, trur Lid, som likevel er glad for gode tal for senteret.

– Det var færre handledagar i desember 2017 samanlikna med 2016. Det har nok også sitt å seie.

Besøk: Ann Kathrin Yndestad frå Vero Moda/Jack and Jones i drøs med senterleiar Peder Lid. Dei to meiner trivsel blant tilsette og god kundekontakt er oppskrifta for god butikkdrift på senteret

Ann Kathrin Yndestad har aldri angra på at ho etablerte seg på Amfi med sine klesbutikkar.

– Det som er ekstra kjekt er at i tillegg til alle kjentfolka som kjem innom, så er her utruleg mange nye andlet også, frå øyane og frå Stryn og Hornindal. Nye relasjonar er viktig, og då er det også viktig at dei ønskjer å kome hit for å handle. Då må vi kunne tilby eit ryddig og skikkeleg senter, og det har vi i Ørsta i dag.

Konkurranse

Framover har Lid tru på at dei gode tidene for Ørsta som handelssenter på Søre Sunnmøre vil halde fram.

– Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vere slik. Amfi Nordfjord går stadig ut og seier at dei pustar oss i nakken, men den pusten kjenner vi ingenting av, seier han.

Amfi Nordfjord hadde i 2017 ei omsetning på 363 millionar kroner, mot 199 millionar i 2016.

– Der er nokre gode millionar i forskjell, slår Peder Lid fast.

Naturleg nok stod julehandelen for ein god del av omsetninga, med ein god start med Black Friday. Og det er ingenting å seie på kjøpelysta til kundane. Amfi Ørsta hadde ei omsetning på 54,5 millionar kroner i desember 2017. Det er ein auke på 3,3 prosent, samanlikna med desember 2016, då omsetninga landa på 52,7 millionar kroner.

Amfi Nordfjord hadde ei omsetning på 45,1 millionar kroner i desember 2017.

Julehandel: Desember er den desidert beste månaden for handel. Amfi Ørsta hadde ei omsetning på 54,5 millionar kroner i desember. Ein auke på 3,3 prosent frå året før. Arkiv

Generell auke

I Noreg har kjøpesentera som høyrer til under Olav Thon Gruppen opplevd ein liten tilbakegang, samla sett.

– Det er fleire faktorar som påverka omsetningstala for 2017. Nokre av kjøpesentera våre var under ombygging, og det var færre handledagar i desember 2017 enn i 2016, noko som førte til lågare salstal. Marknaden har også vorte noko påverka av auka konkurranse frå andre aktørar og frå netthandel. Besøkstala held seg framleis på eit høgt nivå, og fysiske butikkar er viktige, seier Thomas E. Rønning, som er direktør for kjøpesenterdivisjonen i Olav Thon Gruppen, i ei pressemelding.