Meteorologane har sendt ut OBS-varsel for Sunnmøre. Det er venta mykje regn, stigande temperatur, og med det aukar rasfaren "På laurdag er det venta stor snøskredfare i region Sunnmøre. Snøskredproblem er våte flakskred og glideskred", står det på yr.no.

Og vidare: " Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd. Skred kan treffe skredutsette vegar og busetnade. Fleire skredutsatte veger kan bli stengde og busetnad kan kome til å bli evakuert. Også straumforsyning  og kommunikasjon kan bli råka", heiter det i den generelle åtvaringa knytt til OBS-varselet.