Mistanken om ILA-smitte er no avkrefta, opplyser Mattilsynet.

Mattilsynet tok i november ut prøver av fisk på stamfiskanlegget Barstadvik. Veterinærinstituttet sine første analysar av prøvene viste funn av sjukdomsframkallande ILA-virus. Derfor vart anlegget bandlagt på mistanke om ILA i slutten av desember.

– Gjentatte analysar viser at det ikkje er ILA-virus i fisken. Årsaka til det er at det har skjedd ei forurensning frå andre ILA-positive prøver som Veterinærinstituttet analyserte samstundes. Mistanken er derfor avkrefta og restriksjonene på anlegget er umiddelbart oppheva, skriv Mattilsynet i ei melding.

Tabbe

Veterinærinstituttet beklager at dei  har varsla ein ILA-diagnose på feil grunnlag.

– Instituttet  er lei for de ulempene dette har skapt for verksemdene det gjeld, seier beredskaps- og sikkerheitsdirektør Jorun Jarp i ei pressemelding.

Veterinærinstituttet har etter eit omfattende sporingsarbeid klarlagt årsakssamanhengane.

–Mest trulig skjedde kontamineringa i ein ny analysemaskin, seier Jarp.

Veterinærinstituttet har sett i verk ei intern gransking for å klarlegge detaljene i det som har skjedd.

–Dette gjer vi for å kunne iverksette korrigerande tiltak for at det ikkje skal skje i framtida, opplyser Veterinærinstituttet.