Arild Iversen og Rune Hovde har sendt brev til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

I brevet ber dei om at komiteen i si handsaming av Nasjonal Transportplan (NTP) 2014–2023, legg inn løyving til Voldatunnel og Ørstafjordkryssing.

– Einaste alternativ

I regjeringa sitt forslag til NTP har dei ikkje teke med løyving til desse to prosjekta, då det ikkje er endeleg avklart traséval for E39 Skei–Ålesund.

– Uansett traséval vil vegen måtte leggast utanom Volda – og Ørsta sentrum. Då er Voldatunnelen einaste alternativ, medan Ørstafjordkryssinga er eit alternativ som må gjennomførast i påvente av val av alternativ for, og bygging av, Fefast eller Hafast, skriv ordførarane i brevet.

I konseptvalutgreiinga for E39 har Statens vegvesen foreslått å prioritere Ørstafjordkryssinga. Dette i påvente av endeleg avklaring av kryssing av Storfjorden (Hafast eller Fefast). Det er ikkje gjort oppstart av planarbeid for denne kryssinga.

I høve Voldatunnelen er det vedteke eige planprogram, og det er utarbeidd forslag til kommunedelplan, som med det første vert lagt fram for politisk handsaming. Denne tunnelen vil verte om lag 3.345 meter lang, og er kostnadsrekna til om lag 500 millionar kroner.

Ordførarane minner også om at begge kommunane har gjort vedtak om bompengefinansiering.