– Eit område som burde vore spart for kutt er kultur, skriv rådmann Wenche Solheim i budsjettframlegget.

Seksjonen har gjennomført store endringar, og eit budsjett på 10,1 millionar vurderer rådmannen som eit minimum, men for 2014 er budsjettet redusert til 9,7.

– Det gjer at drift av Kaihuset må verte vurdert på nytt, melder ho.

Kulturtilskot

Elles i seksjonen er det lagt inn 500.000 i kulturtilskot. Dette vart heilt fjerna i 2013, men når eigedomsskatten er etablert som inntektskjelde i 2014, skal tilskotet inn att. Dei 500.000 er fordelt på 50.000 til forsamlingshus og 450.000 til andre kulturtilskot.

Kutt for bibliotek

Rådmannen foreslår også å legge ned dei to bibliotekfilialane på Vartdal og Sæbø frå nyttår av. Desse skal då verte vidareført som reine skulebibliotek.

– Innanfor noverande budsjettrammer er det ikkje råd å drifte desse to filialane på ein god måte.

Dyrare på kulturhuset

Andre får også merke at Ørsta kommune er i økonomisk knipe. Husleigesatsane på Kulturhuset vart auka i 2013. For 2014 vert satsen for utleige til teater/konsert/show for profesjonelle auka frå 5.000 til 8.000. Dei andre satsane vert uendra.