Queen Mary 2 kom onsdag kveld på overraskingsbesøk tilVartdalsfjorden og Hjørundfjorden. Det var majestetisk då eit av verda størsteog mest vidgjetne turistskip kom innover fjorden.

Queen Mary 2 gjekk frå Ålesund i 17-tidas, og rykta spreiddeseg raskt om at Hjørundfjorden var destinasjonen. Folk var ute i båtar, ogetter kvart hagla det med bilete på Facebook etter kvart som båten gjekkinnover.

I nitten-tida nådde skipet Lekneset, og tok ein stor svingfør det gjekk inn Norangsfjorden.

På dekka kunne ein sjå det blitze frå fotokamera. Motivafanga nok mest skodde og vatn, for det var ganske tung i Hjørundfjorden dåbåten var på vitjing. Likevel, å sjå bekkene og elvane i fjorden kvite av skumer eit spesielt skode, og for folk som ikkje har sett vatn i slike mengdertidlegare, er det faktisk ei oppleving for livet.

Queen Mary 2 er ått av Cunard-reiarlaget, og skal vere eitav dei mest luksuriøse turistskipa som eksisterer. Skipet er Bermuda-registrert,men har heimehamn i Southampton, UK.

Fakta om Queen Mary 2:

I drift: 2004

Heimehamn: Southampton, UK

Registrert: Hamilton, Bermuda

Fart: 28 knop

Bruttotonn: 151,400 GRT

Gjestekapasitet: 2,620

Mannskap: 1253

Lengde: 1,132 feet

Breidde: 131 feet

Draft: 32 feet