Denne veka vart det klart at norske bønder fekk ei snittauke i inntekta på 31.000 kroner. Dette er 65 prosent av det Norges Bondelag bad om før forhandlingane.

Hustad seier seg nøgd med eit slikt resultat, og trur klare krav frå bøndene er noko av årsaka til det.

– Det viser i alle fall at aksjonen vi hadde i fjor var på sin plass. Han burde vore gjort 3–4 år tidlegare. Det er ingen tvil om at det Bondelaget og Småbrukarlaget har godteke dei siste åra, har vore flaut. Men no har Småbrukarlaget og Bondelaget lært at dei har oss bøndene i ryggen, seier Hustad.

Han peikar på at det tradisjonelt har vore stilt høge krav, men ein har oppnådd lite.

– No verkar det som det er ein ny trend. Bondelaget har gått ned på kravet, samstundes som sluttresultatet har gått opp. Det er absolutt rette vegen.

– Eg er nøgd med oppgjeret, og vi tek det til oss, men om dette berre er eit eingongsblaff har det ingenting å seie, minner han om.

Vidare seier han at ei jamn høg lønsutvikling er det viktigaste for å halde oppe talet på gardbrukarar.

– Ein av tre bønder fryktar at ingen vil ta over garden. Det er det ingenting å seie på. Skal vi greie å auke matvareproduksjonen og rekrutteringa, må inntekta vere anstendig. Det er til sjuande og sist den folk ser på.