For 2014 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal fått ei ramme til skogkultur, tynning miljøtiltak o.a. på 3,3 millionar kroner. I tillegg er det overført 8.330 frå 2013. Fjoråret var aktivt med fokus på opprydding etter orkanen Dagmar, og framleis står oppryddingsarbeid att. Ordninga med ekstraordinær driftstilskot til uttak av stormskadd skog held fram. Fylkesmannen reknar med at det er få søknader som vert handsama etter retningslinene for ekstraordinært tilskot, men det er opna opp for ordninga i fall det i særskilte høve er samfunnsnyttig å rydde bort gammalt vindfall. Det vert ikkje gjeve ekstraordinært tilskog for vindfall etter nyare stormar som "Hilde" og "Ivar". Det er sett av 2,5 millioner kroner til driftstilskot totalt for 2014 ut i frå erfaringstal frå åra før og tilgjengeleg driftsapparat. I tillegg er det sett av 550.000 kroner til utbetaling av driftstilskot til søknader som kom inn i siste halvdel av desemeber 2013, etter at løyvinga for 2013 var brukt opp.

Søknader om midlar til skogkultur m.a. frå kommunane for 2014 var på om lag 5 millionar kroner. Møre og Romsdal fylke fekk i år tildelt ei ramme til fordeling på om lag 3,3 millionar kroner. Fylkesmannen påpeiker at løyvinga er noko mindre enn føregåande år, og ein ber kommunene ta omsyn til dette ved vurdering av tilskotssatsar.

Ramma til vegbygging og drift i vanskeleg terreng o.a. som skal administrerast frå fylket utgjer 6.850.000 kroner. Fylkesmannen opplyser at når det gjeld tilskot til skogsvegar så vil bilvegar verte prioritert føre traktorvegar.

– Det er samtidig viktig at alle søknader vert sendt inn til Fylkesmannen slik at vi kan argumentere for auka rammer.

Fylkesmannen ber kommunane om å ha eit spesielt fokus på forynging og skogeigar sin plikt i medhald av skoglova i samband med løyvingane.