I budsjettforslaget for 2014 frå rådmann Rune Sjurgard i Volda var eitt av punkta i ei lang kuttliste nedlegging av ungdomsklubben i Volda. Voldaøkonomien er i krise, og det må gjerast kutt for å få den i balanse. Tysdag skulle budsjettet behandlast av formannskapet i Volda kommune. Mange ungdommar som set pris på ungdomsklubben og som brukar den ofte møtte opp for å vere med på møtet. Dei siste to vekene har det også vorte samla inn underskrifter til støtte for ungdomsklubben, og ungdomsrådsleiar Mathilde Sjøhelle Eiksund overleverte ordførar Arild Iversen 2.161 underskrifter før møtet. I tillegg har det vorte oppretta ei eiga Facebook-side for ungdomsklubben som har fått over 700 likes. No håpar ungdomane at formannskapet vil la ungdomsklubben halde fram.

– Vi håper at dei ser at dette er noko som brenn for, og vi er faktisk ganske mange som møtt opp og som har teke seg fri frå skulen for å kome hit. Vi håper også at dei vel å prioritere ungdomsklubben framfor andre ting. Vi er fullt klar over at det er dårleg økonomi i Volda kommune, men vi syns at dei kan prioritere annleis, seier Sjøhelle Eiksund.

At engasjementet rundt ungdomsklubben er stort er det ingen tvil om. Mange ungdomar har engasjert seg som crew på ungdomsklubben, dei er med å arrangere UKM kvart år og for mange er ungdomsklubben ein viktig sosial møtestad.

– Tilbodet er kjempeviktig. Eg går ikkje der personleg så ofte, men eg veit at det er veldig viktig for veldig mange. Det er ungdomar som ikkje har noko sosialt utanom ungdomsklubben, og tykkjer absolutt at det må vere eit tilbod som kan vere der. Her er ikkje noko krav om at du er nøydde til å delta, til prestasjonar, til religion og det er ein stad som er open for alle, seier ungdomsrådsleiaren.

Ordførar Arild Iversen takka ungdomane for engasjementet for ungdomsklubben, og lovde å leggje fram underskriftene for formannskapet.

– Formannskapet må vurdere om dei finn plass til ungdomsklubben i Volda i budsjettet. Eg er sikker på at det ikkje står på viljen. Så må vi sjå om vi finn pengane. Eg takker for innsatsen, initiativet og engasjementet, seier Iversen.