Tussa Nett AS har hatt hovudkontor i Dragsund i Herøy sidan det vart etablert i 1995, men når Mørenett vert ein realitet ved årsskiftet, skal hovudkontoret ligge i Ørsta. Det fell ikkje i god jord hos Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr, og heller ikkje kommunestyret som har sagt at ordføraren må jobbe for å sikre at hovudkontoret vert liggjande i Dragsund.

– Vi har ikkje funne nokon grunn til at det skal vere nødvendig å bryte avtalen vi har hatt sidan 1995. Det må i så fall vere at Ørsta, som største eigar, skal få størst glede ved denne fusjonen, kommenterte Goksøyr under generalforsamlinga.

Ørsta kommune eig 34,83 prosent av aksjane i Tussa, og er den største eigaren. Herøy er nest størst, med 16,92 prosent.

Taper pengar

Bakgrunnen for misnøya er at Herøy kommune fryktar at dei kan tape pengar på at dei ikkje lenger skal vere vertar for hovudkontoret. Det skal dreie seg om kring to millionar kroner årleg i såkalla RDA-midlar (Regional Differensiert Arbeidsgivaravgift). Herøy meiner bestemt at desse pengane er avhengig av at hovudkontoret har adresse Dragsund, mens leiinga i Tussa meiner at pengane følgjer arbeidstakarane, som framleis skal ha oppmøtestad i Dragsund (bortsett frå leiinga som allereie møter i Ørsta).

– Dette har eg avklart med kommunaldepartementet, seier konserndirektør Elling Dybdal.

Mens Goksøyr på si side har funne dokument på Internett som skal seie noko anna.

– Det er også slik at dersom det igjen skulle verte innført selskapsskatt, så vil det no vere Ørsta som får desse pengane.

Nedbygging

Goksøyr fryktar at det heile munnar ut i ei nedbygging av Tussa i Dragsund, sidan fusjonen mellom nettselskapa til Tussa og Tafjord også inneber at det fram mot 2018 skal vere ein årsverkreduksjon på 47.

– Når Dragsund ikkje har hovudkontoret vil dette vere første staden der det vert rasjonalisert vekk. Då er vi i ferd med å takke for laget, og det er ikkje vårt ønske.

Skal få svar

Fleire av dei andre eigarane frå øyane etterlyste også svar på bakgrunnen for at Tussa vel å etablere hovudkontoret for Mørenett i Ørsta.

Konserndirektør i Tussa, Elling Dybdal, forklarer det med at dei såg det som naturleg at Mørenett får adresse i Ørsta, i og med at Tussa Nett frå nyttår ikkje lenger eksisterer som eit eige selskap.

– I Ørsta ligg også hovudadministrasjonen. Tussa Nett opphøyrer som selskap, og Mørenett er eit heilt nytt selskap, og ikkje ei vidareføring av det gamle. Tyngdepunktet til Tafjord ligg i Ålesund, og tyngdepunktet til Tussa ligg i Ørsta.

Etter ei prøvevotering over fire ulike forslag for løysing på saka, munna det ut i at generalforsamlinga samrøystes gjekk inn for å oppmode styret i Tussa Kraft om å avklare spørsmålet rundt RDA og forretningskontor og melde tilbake til eigarane om kva dei finn ut. Førebels er altså ny adresse for Mørenett AS i Ørsta.