Med appen MR ferjerute kan reisande finne sanntidsinformasjon om rutetider og halde seg oppdatert på eventuelle avvik i trafikken.

- Appen vil gjere det enklare å finne informasjon om rutetilbodet i fylket. For reisande vil dette vere eit nyttig og smart verktøy der dei får ruteinformasjon i sanntid. Med appen ønskjer vi å gjere planlegginga av reisa enkel og effektiv for kundane våre, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Viktig samarbeidsprosjekt Dagleg reiser over 16 000 passasjerar med hurtigbåt eller ferje i fylket. Medan Statens vegvesen er ansvarleg for riksvegferjesambanda Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen og Halsa-Kanestraum, er Møre og Romsdal fylkeskommune ansvarleg for resterande samband i fylket.

- Reisande ønskjer å finne informasjonen samla på ein stad og skil ikkje på kven som er ansvarleg for ulike samband. Det har derfor vore viktig for Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune og samarbeide om ei løysing som kan vise det samla ferje- og hurtigbåttilbodet, seier avdelingsdirektør Kjetil Strand i Statens vegvesen.