Langrennsgruppa i Ørsta IL og Ørsta sykkelklubb har lagt ned mykje dugnadsarbeid for å lage til turstiane på Mo. På turstien som startar på Askjellhaugen, har noko brent bål midt på stien. I tillegg til å brenne greiner har det gått med spraymålingsbokser og dreneringsrøyr. Ved sida av stien har det tidlegare vorte hengt opp ei girokasse. Her kunne brukarane av stien skrive seg opp og støtte langrennsgruppa i Ørsta IL. Denne har vorte riven ned, og hiven på bålet. Kva tid bålbrenning har funne stad er uklart.

– I hovudsak er dette langrennsgruppa si lysløype som vi har forlenga med sti for publikum. Vi gjer dette arbeidet for at folk skal kome seg ut og gå. Det har også ført til at det stor trafikk her. Å vandalisere her er tankeløyse, og eg veit ikkje kva dei har funne her som har gjort det så spennande å sitje og brenne bål. Det er heilt umogleg å vite kva slags folk dette er, men dette er vandalisme, seier Arne Rotevatn.

Tidlegare har motorsyklistar nytta stiane på Mo, ifølgje Rotevatn, i tillegg til folk med hest. Han åtvarar mot å bruke hest då det kan vere utrygt på enkelte bruer, og at hestane sett spor etter seg på stien.