I Volda vart det fødd 81 barn, noko som gir eit fødselsoverskot på fem.

I 2011 kom det 119 barn til verda i Ørsta og 79 i Volda.

Nedgang

I 2012 vart det fødd totalt 2.833 barn i Møre og Romsdal. Det er 4,7 prosent av alle fødde barn i Noreg. Møre og Romsdal er blant fylka med høgast fruktbarheitstal i Noreg.

Snittalderen for førstegongsfødande kvinner i Møre og Romsdal var 31,5 år, og snittalderen for menn var 35,4 år.

Utviklinga i talet på fødde viser likevel at det vert fødd stadig færre barn i Møre og Romsdal. Trenden er årleg nedgang. Nedgangen heng først og fremst saman med at talet på kvinner i aldersgruppa 15–49 år går ned, for samla fertilitetstal har halde seg på same nivå dei siste åra.

Fødselsoverskotet i Møre og Romsdal var i 2012 på 562.

Alle kommunar på Sunnmøre hadde fødselsoverskot i fjor, med unntak av to, Stranda og Vanylven, som hadde eit fødselsunderskot på høvesvis åtte og fire.

Lev lenger

Jenter fødde i 2012 kan vente å verte 82,8 år. Er dei fødde i Møre og Romsdal kan vente seg å verte enno eldre, 83,9 år.

Gutar fødde i 2012 kan vente seg å verte 78,3 år, eller 79 år om dei veks opp i Møre og Romsdal.