Det er Statens vegvesenet som no har ute til høyring ein ny skiltplan for Volda sentrum. Føremålet er redusert fartsgrense, og det er foreslått førtisone fleire stader.

Politiet og Kiropraktorsenteret meiner at vegvesenet ikkje går langt nok.

Førtisone

– Politiet ved Lensmannen i Volda har tidlegare uttalt seg om fartsgrensa i Volda sentrum. Det som ikkje har kome fram, er utstrekninga av førtisona. Ut frå trafikkbiletet i Volda sentrum har politiet heile tida sett føre seg at skilting med 40 km/t startar før ferjekrysset i Volda, seier lensmann Jostein Vatne i ein kommentar til høyringa.

Han grunngjev dette me at avkøyrsla frå ferjekaia til E39 er uoversiktleg og tidvis svært sterkt trafikkert.

– No etter at Kvivsvegen er opna syner det seg at ein større del av trafikken køyrer gjennom Volda sentrum. Dette vil auke problemet med ferjekrysset slik at trafikkfarlege situasjonar vil oppstå. Dette krysset er tidlegare nemnt til vegvesenet, kommenterer Vatne.

Kiropraktorsenteret

Også Kiropraktorsenteret i Volda ynskjer ei nedsett fartsgrense.

– Kiropraktorsenteret i Volda har store problem i samband med inn- og utkøyring til senteret. Kundane ved senteret opplever situasjonen som utrygg slik han o er. Desse problema har auka i takt med den aukande trafikken på Kvivsvegen, og det kjem stadig klagar frå kundar. Rune Skår, som er eigar og dagleg leiar ved senteret, fryktar at den store smellen kan kome når som helst, seier Svein Holmen på vegner av Kiropraktorsenteret.

Dårleg sikt

Med ei fartsgrense på femti kilometer i timen, som i dag, meiner Kiropraktorsenteret at det er for dårleg sikt.

– Ofte er det kaotisk i krysset til ferjekaia på grunn av kryssutforminga og avkøyringa frå ferja som må gå kjapt på grunn av rutefrekvensen. Ei rundkøyring i ferjekaikrysset ville både ha gjeve betre flyt i trafikken frå ferja og også dempa farta på E39/rv651, seier Holmen.

Kiropraktorsenteret meiner at ei redusert fartsgrense i kombinasjon med fysiske tiltak er naudsynte for på lette på avkøyrselssituasjonen ved Kiropraktorsenteret.

– Det er avgjerande for senteret at førtisona vert utvida til vest for ferjekaikrysset, seier Holmen.

Industrigata

Vegvesenet foreslår altså førtisone på delar av sjølve E39 i Volda sentrum, og lensmannen som meiner at sona må verte lengd forbi Vikeneskrysset, meiner dessutan at førtisone også må kome ved krysset til Industrigata..

– Det er behov for 40 km/t gjennom krysset med Industrigata. Dette kan løysast ved at 40 km/t-skilt vert sett opp i nedre del av Elvagata. Dette vil redusere farta i krysset med Industrigata, og føre til større trafikktryggleik, seier lensmann Jostein Vatne.

Lensmann Jostein Vatne ynskjer redusert fart i Volda sentrum.