Bakgrunnen er behov for eit meir eigna lokale etter at HELFO frå 2014 vert nasjonal eining for kommunikasjon med samhandlarar får ny funksjon. Då går ein vekk frå regionmodellen, og i Ørsta skal det etablerast ei nasjonal avdelinga for kommunikasjon, sørvis og rettleiing for samhandlarar.

45 tilsette

På bakgrunn av dette søkjer HELFO no ny kontorstad for 45 tilsette i Ørsta sentrum. I utlysinga står det at lokalet må vere på om lag 1.1255 kvm. Det er ønske om eit lokale sentralt i Ørsta, primært i området sentrum-flyplassen.

Årsverk

HELFO har i dag ca 550 årsverk spreidd over heile landet. Ansvarsområda er saksbehandling og utbetaling av direkte oppgjer for behandlarar og leverandørar, sakshandsaming av legemiddelsøknader, søknad om bidrag, tannhelse m.m. Vidare har HELFO ansvar for frikortordningane tak I og tak II, administrerer fastlegeordninga, Europeisk helsetrygdekort og driv HELFO sørvissenter med fleire sørvislinjer.

Omorganiseringa av HELFO kjem som følgje av automatiserte oppgjersordningar og sjølvbetjeningsløysingar, og nye saksbehandlingssystem.