Hotellet i Ørsta sentrum gjekk for nokre år sidan gjennom ei omfattande renovering der hotellet vart bygd på og alt nytt på innsida. Alt frå hotellromma til restaurant og konferanserom vart oppgradert til siste skrik innan kvalitet og design.

Etter ei tøff tid med utskiftingar og sjukemeldingar, der blant anna den administrerande direktøren og salssjefen er langtidssjukemeldt, er Eva Hole frå Ofelas Consulting leigd inn som konsulent og leiar for Regius Holding. Hole vil under si periode ta med seg si erfaring blant anna frå å oppbygginga av Quality Hotel Waterfront i Ålesund, det største hotellet på Sunnmøre i dag.

– Dei vekene eg har vore her, har vi vore ute og besøkt førti kundar. Tilbakemeldingane har vore gode, men vi ser vi har potensial til å verte betre på service. Det arbeider vi med no. Det handlar ikkje om viljen, men om å lage gode rutinar, slik at alle yter service på same og rett måte, seier Hole.

Utfordringar

Marknadssjef Kjetil Kriken i Regius Holding stadfestar at omdømet i Ørsta har vore ei lita utfordring. Samstundes er fleire i leiinga sjukmelde.

– Etter ombygging og ei omfattande satsing, fekk vi eit større hotell og ein større trafikk. Med utskiftingar og sjukemeldingar i leiinga vart retningslinjene uklare, noko som igjen førte til utfordringar når vi skulle yte service. Er ikkje servicen god nok, vert det lett snakka om. Eit godt omdøme brytast fort ned, men byggjast ikkje opp att over natta. No er vi på rett vei. Mykje har vorte teke tak i, gjennom omstruktureringar i heile organisasjonen både i Ørsta og på Hareid. Likevel er det er viktig å ta med seg alle tilbakemeldingar frå gjestane våre, og heile tida følgje opp dette. Engasjementet for hotellet i Ørsta er enormt blant veldig mange, og ein slik posisjon skal vi fortene, seier Kriken.

Tiltak

Hole seier dei no har starta med tiltak som dei håper vil gje positive resultat.

– Kjetil har laga ein plan for å organisere salet. I tillegg skal vi arbeide mykje med struktur i organisasjonen. I dag gjer vi ting rett, men vi gjer ikkje rette tinga. Alle må vite kvar og kva ein skal gjere, så vi kan yte den beste servicen. Vi må strukturere og arbeide meir med servicedelen. For det er ikkje slik at vi ikkje kan service, men når ein ikkje har ein leiar som kan vise veg og skryte av medarbeidarane, då vert det vanskeleg, seier ho.

Langsiktige kontraktar

Måndag denne veka vart representantar frå næringslivet i Ørsta og Volda invitert til tapas-lunsj og miniforedrag om innbokskontroll på Hotell Ivar Aasen. Målet var å vise fram litt av det hotellet har å by på. Hole og Kriken har tru på at dei no skal greie å «reise kjerringa».

– Vi har eit svært flott hotell. Nyleg har vi fått spikra ein del langsiktige kontraktar, noko som er svært hyggjeleg. Utviklinga på dette tidspunktet syner gode tider for hotellet i Ørsta, og eg er veldig positiv når vi ser framover. Vi har eit godt produkt og serviceinnstilte medarbeidarar som er veldig glade i arbeidsplassen og kollegaene sine. Men det er ein tøff bransje. Det ser ein også i Ålesund, seier Hole.