Det er Ørsta kommune som opplyser om dette på sine heimesider. Stenginga vil skje klokka 09.30 laurdag 7. desember grunna skader på søyler og fundament. Brua vert stengt med skilt 306,1 (stengt for motorvogn). Kommunen opplyser at stenginga av lokalvegen vert langvarig då det truleg må byggjast ny bru.

– I sommar vart det køyrt mykje vatn frå Tussa, og etter flaumen for fjorten dagar sidan fekk brua ytterlegare skadar. Dette er ei gammal steinbru som er mura på tre søyler med store steinheller oppå. Den opphavlege konstruksjonen er såpass skadd at det må skje ei heilombygging eller at brua vert riven og det vert sett opp ei ny elementbru. Dette vil ta tid, og det er ei sak som Ørsta kommune og Tussa arbeider med, seier oppsynsmann Arnstein Ose i Ørsta kommune.

Det er fleire eldre bruer rundt omkring i Ørsta kommune, men Ose trur ikkje at det stor fare for at desse vert stengt grunna slitasje og skader.

– Det håper vi ikkje. Vi hadde eit tilsvarande tilfelle med ei lita bru som går over elva frå Videtjørn i retning Bondalen. Denne vart skifta ut i fjor. Tidlegare har vi hatt kompetente firma innleigd for å gjennomføre bruinspeksjon, og dette er noko som skal gjerast regelmessig. Det vert nok gjennomført ein bruinspeksjon i 2014.

I september i fjor fekk Tyssebrua store skadar i samband med at Tysseelva vaks seg stor. Formannskapet i Ørsta kommune fekk ein skriftleg førespurnadom ny bru, men kommunen hadde ikkje pengar til å erstatte Tyssebrua. Tussa Kraft tok på seg ansvaret for å reparere skadane etter flaumen, men no er tilstanden til brua så dårleg at den må erstattast.